
ARE KALVØ - BERRE BØNDAR LENGTAR HEIM
Dekorelement som erstatning for et bilde
Dekorelement som erstatning for et bilde
Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake»(Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».
Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.
Arrangør: Stand Up Norge AS
Billetter kr 465,- / student kr 395,- (studentbevis må fremvises) / grupper over 6 personer kr 440,-
onsdag 12. mars
19.00 – 20.30
Lillestrøm kultursenter, Teatersalen
fredag 21. mars
19.00 – 20.30
Lillestrøm kultursenter, Teatersalen
onsdag 2. april
20.00 – 21.30
Lillestrøm kultursenter, Teatersalen
torsdag 3. april
20.00 – 21.15
Lillestrøm kultursenter, Teatersalen