Ingebjørg Bratland
Dekorelement som erstatning for et bilde
Dekorelement som erstatning for et bilde
Ingebjørg Bratland inntek DUNDR Lillestrøm kirkemusikk- og kulturfestival!
Opplev Bratland på sitt aller beste, med kjende og nye songar, sterke forteljingar og ei formidlingsevne som fyller heile rommet.
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland
med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er evig knytt til
udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også låtar som
«Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på Bratland si samlande musikalske kraft
på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg Bratland står åleine på scena, oppstår det
noko heilt eige.
Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify
med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke
sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko.
Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd
Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Denne kvelden får
publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar,
historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet.
Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i
sentrum.
Arrangementstidspunkt/konsertstart : 19:00
Dørene åpner : 60 min før
Varighet : 90 min
Servering :
Ingen servering
Aldersgrense : Ingen aldersgrense
Ledsager : Ledsager gratis med billett - Maks antall: 5
Adkomst : Gratis parkering ved Fet kirke. For å reise kollektivt, er buss det enkleste alternativet, med Herredshuset som nærmeste holdeplass (ca. 2 minutters gange). Du kan også ta tog til Fetsund stasjon og bytte til buss derfra. Det anbefales å bruke Entur.no eller Ruter.no for oppdaterte ruter fra din posisjon.
Rullestol : Ja
Parkeringsmuligheter : Ja
Artistens nettside
Facebook